Rolv Wesenlund
Rolv Wesenlund | |||
Rolv Wesenlund i 1967. Foto: Delphin, Rigmor Dahl / Oslo Museum | |||
Fødd | 17. september 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Horten i Vestfold | ||
Død | 18. august 2013 (76 år) | ||
Dødsstad | Bydel Ullern | ||
Fødenamn | Rolv Helge Wesenlund | ||
Verka som | Skodespelar, songar, revyforfattar, programleiar og humorist | ||
Prisar | Wenche Foss’ ærespris, Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Amandakomiteens ærespris, Årets Ølhund, Lytterprisen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Gullrutens hederspris |
Rolv Helge Wesenlund (17. september 1936–18. august 2013)[1][2] var ein norsk komikar, plateprodusent, songar og skodespelar. Han var kanskje mest kjend for å ha spelt hovudrolla i musikalen og filmane om Bør Børson og figuren Marve Fleksnes i TV-serien Fleksnes.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]I ungdomen var han jazzmusikar (klarinett) og vann NM i jazz to år, vart engasjert som jazzjournalist for NRK med eige jazzmagasin og var jazzspaltist i Dagbladet. Wesenlund vart kjend på TV alt i 1960-åra med serien Og takk for det frå 1969 der han spelte ein heil del sketsjar saman med Harald Heide-Steen jr. (duoen Wesensteen), Gunnar Haugan og Kirsti Sparboe. I denne serien presenterte dei klassikarar som Supperådet, Hos tannlegen og Doble Fustasjeopphengsforkoplinger. Serien vart ei bestseljande plate, og han vart laga i ein like populær svensk versjon. Wesenlund opptredde òg i den svenske underhaldningsserien Publikfriarna (1968–1970) og i det svenske lystspelet Skärgårdsflirt i 1972.
Frå 1964 var han revyforfattar og skodespelar med lengre engasjement ved mellom anna Chat Noir, ABC-Teatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teater. Med bakgrunn som skribent i fleire aviser og frilans-jazzmedarbeidar i NRK, var han i slutten av 1950-åra innspelingssjef hos Philips og hos Arne Bendiksen AS 1964–1965. Som innspelingssjef hos Philips var Wesenlund mellom anna ansvarleg for den korte, tidlege satsinga i Bergen på 1960-talet, Bergen Beat, ein freistnad på å lansere norske grupper innan det ein den gongen kalla piggtrådmusikk. Han skreiv òg songtekstar, mellom anna «Twist it» (1962).
Fra 1966 var Wesenlund i ei tid programsekretær i NRK. Saman med andre unge, framstormande menn med stor entusiasme for det nye fjernsynsmediet (som Harald Heide-Steen jr., Harald Tusberg, Bengt Calmeyer og den svenske regissøren Bo Hermansson) etablerte han ein opprørsk og, for den tida, ganske bøllete type underhaldning. I TV laga dei Kunden har alltid rett, ein parodi på samtidige TV-program, og i radioen dei legendariske Telefonrøret og Hørerøret, som gjorde suksess på plate, og på restaurant Cecil i Oslo hadde dei i 1965 den nyskapande revyen Lysthuset, no med Elsa Lystad og Karin Krog på laget. Wesenlund var speaker i den snodige radioserien Radio Skagerak, som vart ein populær LP på Triola. Den mest markante tidlege kreasjonen hans var Feriebiskop Fjertnes, med plata Feriebiskop Fjertnes slår til igjen, som vart ein bestseljar i 1968.
Wesenlund hadde fleire hovudroller i teateroppsetjingar, som i Charlies Tante på Det Norske Teatret 1994. Ho vart så populær at ho vart overført til Chateau Neuf, omsett til riksmål og filmatisert for TV. Han var Leopold i Sommer i Tyrol i Oslo, Århus og København, og 1987 var han homofil dragartist i Jerry Hermans La Cage Aux Folles på Chateau Neuf.
Innan film hadde han hovudroller i kjende klassikarar som Norske byggeklosser, Den siste Fleksnes, Bør Børson jr. og Mannen som ikke kunne le
Rolv Wesenlund hadde òg sitt eige talkshow (Wesenstund), som først gjekk på Norsk TV1 og seinare på TVNorge. I seinare år var Rolv Wesenlund ein av frontfigurane for Seniorsaken.
I samband med 60-årsdagen hans i 1996 sende NRK1 portrettprogrammet Rolv som vart sett av over ein million menneske.[3]
Den siste rolla hadde Rolv Wesenlund i adventskalenderen Den unge Fleksnes som vart send på TVNorge jula 2010. Her spelte han Marve Fleksnes i draumesekvensar mot den unge Fleksnes (Reidar Fredrik Frydenlund).
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Wesenlund budde på Frogner terrasse. Han var gift med Ruth og har tre barn, attåt tre barnebarn. Rolv Wesenlund var frimurar av grad II.[4]
Priser og utmerkingar (utval)
[endre | endre wikiteksten]- 2011 – Wenche Foss' ærespris
- 2003 – Heidersprisen under Komiprisen 2003
- 2002 – Amanda-prisens Hederspris
- 2002 – Heidersprisen under Gullruten
- 1996 – Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden
- 1995 – Lytterprisen
- 1995 – Vestfold fylkeskommunes Kunstnerpris
- 1989 – Leif Justers ærespris
- 1985 – Årets Ølhund
- 1978 – Leonardstatuetten
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- 2010 Den unge Fleksnes (Opptreden som Fleksnes i draumesekvensar saman med den unge Fleksnes (Reidar Fredrik Frydenlund))
- 2006 Wesensteen (Opptreden i Wesensteen saman med Harald Heide Steen jr.)
- 2006 Rolv 70 (Mange forskjellige klipp i høve 70-årsdagen hans.)
- 2002 Himmelen kan vente (Fleksnes 1 – Jubileumsutgave av Fleksnes Fataliteter), «Marve Fleksnes»
- 1994-2000 Wesenstund (programleiar)
- 1997 Og takk for det – Wesensteen
- 1994 Fredrikssons fabrikk - The movie, «Nilsen»
- 1992 Ute av drift, «Reidar Willien»
- 1990 Camping
- 1985 Deilig er fjorden, «Terje Svahberg»
- 1984 SK917 har nettopp landet, «Roland Marthiniussen»
- 1988, 1982, 1976, 1974, 1972 Fleksnes (Fleksnes Fataliteter).
- 1982 Henrys bakværelse, «Kunde 1»
- 1982 Olsenbandens aller siste kupp, «Inspektøren»
- 1981 Den grønne heisen, «Fredrik Borkmann»
- 1981 Göta Kanal - eller hvem dro ut proppen? (originaltittel Göta Kanal – eller vem drog ur proppen?), «Nordmannen Ole»
- 1981 Seks barn på flukt (originaltittel Barna från Blåsjöfjället), «Norsk sjåfør»
- 1978 Firmaskogturen (originaltittel Firmaskovturen)
- 1978 Picassos eventyr (originaltittel Picassos äventyr...tusen kärleksfulla lögner) – «Edvard Grieg som elektriker»
- 1976 Bør Børson II, «Bør Børson»
- 1974 Bør Børson Jr., «Bør Børson jr.»
- 1974 Den siste Fleksnes, «Marve Fleksnes»
- 1974 Ungen «Gjendøperen»
- 1972 Kjære Husmor
- 1972 Ture Sventon - Privatdetektiv, «Muhammed»
- 1971 Norske byggeklosser (flere utgivelser), ei rekke forskjellige roller
- 1970 Douglas, «Douglas»
- 1969 Tipp topp – Husmorfilmen høsten 1969
- 1968 Mannen som ikke kunne le
- 1967 Jungelboka (originaltittel The Jungle Book)
- 1967 Liv
- 1966 How I Became an Art Collector Without Really Trying
- 1966 Hurra for Andersens!, «Hermansen»
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Ja, nå skriver også jeg BOK
- Livet er ikke bare en lek, Det er også en dans på roser
- Den bakvendte skikk og bruk boken (1986)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Radio Skagerak slår igjennom (Triola, 1965)
- The Sound of Gjøk and Sisik, med Harald Heide Steen jr.(Camp, 1967)
- Livaktig at the Kaffistova, med Harald Heide Steen jr. (Camp, 1968) òg gjeve ut som Live at Kaffistova
- Feriebiskop Fjertnes slår til igjen, med Harald Heide Steen jr. (Camp, 1968)
- Og takk for det, med Harald Heide Steen jr. (Camp, 1970)
- Hjertelig tilstede, med Harald Heide Steen jr. (Camp, 1971)
- I full bredde, med Harald Heide Steen jr. (1971)
- Bør Børson jr. (Polydor, 1972) originalcast
- Jungelboken (Disneyland, 1972) studiocast
- Telefonrør (1973)
- Blodgiveren (Polydor, 1973)
- Fleksnes fataliteter (Polydor, 1976)
- Jeppe (Polydor, 1976) originalcast
- Portrett av en klovn (Polydor, 1976)
- Saturday Night at the Campingplass (1976)
- Bør Børson 2 (1976)
- Solstreif (Camp, 1979)
- Det er ingen skam å snu, med Harald Heide Steen jr. og Ole Paus (Geilokameratene) (Zarepta, 1980)
- Over grensen (1982)
- Musicalen Oliver (1992)
- På tur med Fleksnes & Modern (1993)
- WesenSteen (NorDisc, 1994) samleplate 2CD
- WesenSteen 2 (NorDisc, 1995) samleplate 2CD
- Jubileumskavalkade (NorDisc, 1996) samleplate
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- Telefonrør – 2 god jul – spill selv (1967)
- Telefonrør No 1 "Dimme"-festen/Garderobeskapet (1967)
- Telefonrør No 3: Hvilket nummer ringer de...? (1968)
- Dus-rør (1968)
- Telefonrør No 4 (1968)
- Ti gledet seg – en rusla hjem/Funksjonærens jul (1968)
- Erotikk og musikk (1968) med Rolf Just Nilsen
- En blå blå nellik/Hengende haver (1969) med Wenche Myhre
- God tul (1971)
- Börs song/Æ kjinne ein kar (1972)
- Kjøttkakpolkan/Fårikålvise (1973)
- Sommer over kjølen (1992)
- Hos tannlegen (Volvo Sonet) (1995) med Harald Heide-Steen jr.
Andre plateutgivelser
[endre | endre wikiteksten]- Alf Cranner: Fiine antiquiteter (1964)
- Platetreff med 11 norske artister (1970)
- I godt selskap med.... (1973)
- Norsk på treff 2 (1973)
- EMI Norsktopper (1973)
- Arthur Arntzen: Ja, du Oluf (1973)
- Den norske stjerneparaden (1974)
- Norsk på topp 3 (1977)
- Eikholtplaten - Aksjon døv blind (1977)
- Harald Heide-Steen jr.: Munnskold over alle grenser (1979)
- Jeg har mitt hjerte i Oslo (1979)
- Dagbladets sommerkassett: Alltid foran (1979)
- Ingen skam å snu (1980)
- Ridderrennet (1980)
- På gang 7 (1982)
- White Christmas (1986)
- Norske filmklassikere (1993)
- Fine norske sommerlåter 1 (1993)
- Fine norske sommerlåter 2 (1994)
- Kirsti Sparboe: Ikke stå og frys, 46 høydepunkter 1964-94 (1994)
- Fine norske låter 1 (1994)
- Fine norske låter 2 (1994)
- Norske ballader - 19 norske klassikere (1994)
- Det beste fra Musikkspill i Norge (1995)
- Hassan: Live at Budokan (1997)
- Dagbladet - Det beste fra Dagblad-kassettene gjennom 20 år (1997)
- Det beste av Norsk musikk 1973-1977 (1998)
- Nordmenn er gale (1999)
- Norske viseperler (2000)
- Tande-P: Mine favoritter (2000)
- Salhuskvintetten: Olkabilamo 20 beste (2000)
- Folk skal trives - Revyviser og sketsjer med tekster av Alfred Næss (2000)
- Reiseradioens sommerklassikere (2001)
- Våre beste sommerlåter (2002)
- Gunnar Haugan: Hørerøret (2006)
- Svenske humorklassikere (2009)
- Den unge Fleksnes - en drøm om jul: Marves juleradioshow (2010)
- Norske latterperler - 16 humorklassikere (2011)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rolv Wesenlund» frå Wikipedia på bokmål, den 18. august 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sofie Gran Aspunvik (18. august 2013). «Rolv Wesenlund er død». Aftenposten. Henta 18. august 2013.
- ↑ «Rolv Wesenlund er død», VG 18. august 2013
- ↑ «Wesenlund vant (i to kanaler)» Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine., Dagbladet 17. september 1996
- ↑ «Frimurer Rolv Helge Wesenlund», Nettavisen udatert
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Klipp frå Fleksnesepisoden "Ensom"
- Livet er godt – og det må vi si fra om! Arkivert 2004-12-25 ved Wayback Machine. – intervju i «Vi over 60»
- Biografi som H. C. Andersen-ambassadør Arkivert 2005-04-04 ved Wayback Machine.
- Nrks portrett til 75årsdagen 2011
- Einskildmenn
- Fødde i 1936
- Døde i 2013
- Norske skodespelarar
- Programleiarar for TV Norge
- Programleiarar for NRK
- Norske komikarar
- Vinnarar av Gullruten
- Amandakomiteens Ærespris
- Norske klarinettistar
- Jazzjournalistar
- Folk frå Horten
- Vinnarar av Amandaprisen
- Norske jazzmusikarar
- St. Olavs Orden
- Norske plateprodusentar
- Melodi Grand Prix 1969-låtskrivarar